Tilbake
|
Den offisielle erklæringa er:
Februarkvelden er
stille, stjerneklar og kald. To båtar stemnar nordover Hustadvika.
Nordgåande hurtigrute ”Irma” har nettopp passert Hestskjæret
fyr, og har teke igjen den meir saktegåande lastebåten ”Henry”.
Det blir eit kort og ulykkesaleg møte, eit møte som blir deira
felles tragiske lagnad.
Noreg
er i krig, og denne kvelden ligg to norske motortorpedobåtar i skjul inne
ved Averøy. Dei har fått ordre om å gå til åttak på ein fiendtleg konvoi som er
venta. Dei ser dei to skipa kome, og den tragiske torpederinga skjer. 65
nordmenn mista livet.
Stille
rom er reist til minne
om tragedien den 13.februar då hurtigruta ”Irma” og lastebåten ”Henry”
blei senka nordaust for Hestskjæret fyr. Hendinga har sett djupe spor i
livet til dei som var involverte: Dei som overlevde, dei som mista ein eller
fleire av sine kjære, dei som var med i redningsarbeidet og dei som var om
bord på motortorpedobåtane. Etter 58 år med ein einsam sorg har dei fått
eit felles ”Stille rom” for sakn, ettertanke og forsoning.
Stille rom:
Minnesmerket ”Stille
rom” er laga av kunstnaren Geir Stormoen. Det består av to store
steinblokker som er saga ut av berget på den plassen det står.
Minnesmerket dannar ei
”ramme” omkring utsikta til det havområdet tragedien fann stad, og der
dei to skipa, Irma og Henry ligg senka. Rommet mellom dei to
steinblokkene representerar eit ”sted”- eit stille rom der pårørande og
andre kan opphalde seg i ro og ettertanke. ”Slik blir minnesmerket
ståande i eit dialektisk forhold til dei to skipa på havets botn: Skipa blei
senka i havet – steinblokkene blir heva opp av fjellet. Symbolsk sett
står skipa som omvendte/positive avspeilingar av de to skipa”,
seier Geir Stormoen i talen han heldt ved avdukinga av minnesmerket.
|
MTB der ulykka fann stad. Hestskjæret fyr i
bakgrunnen.
Minnesmerket "Stille rom".
Kongen ved minnetavle.
|
(Ideen
har historiske referansar til minnesteinar i steinsettingar , som blei reist
i landskapet for å minne om viktige
hendingar
(Nordsjælland), eller dei blei rest i ein religiøs, rituell og astronomisk
hensikt (Stonehenge), las eg då
eg var på avdukinga av dette
minnesmerket.)
|
Intervju
med farmor om sine opplevingar rundt IRMA-forliset:
Far til farmora mi, altså oldefaren min, omkom i
Irma-forliset. 58 år seinare fekk farmor minnesmerket "Stille rom" og
gå til. No har ho, i samband me dette prosjektet tatt seg tida til å fortelje om korleis ho hugsar denne tragiske hendinga i 1944.
"Eg hugsar godt kvelden 13.februar 1944. Det var
morsdag. Det var kaldt og snø ute. Stjerneklårt og måneskin.
Eg har aldri hugsa klart kven som fortalde om
ulykka til meg, men det var sikkert bror min. Og det var ufatteleg. Men sidan
det var eg som hadde ansvaret for fjøsstellet når far var borte, og sidan
mor var sjuk, var det nok dyra i fjøset som fekk sjå mest av tårene mine.
Men det var krig, og vi laut leve i uvisse. Rykta gjekk. Kanskje far var
redda. Nokon skulle ha treffe han i England! Men vi laut etter kvart innsjå
at vi var farlause. Også kom dei vonde rykta om at det var nordmenn som
hadde senka "Irma" og "Henry". Og i 60-åra fekk eg det
endeleg stadfesta. Og delvis kven det var også. Og dei òg hadde dette med seg
resten av livet.
Måndag 16. september 2002 vart det avduka eit
minnesmerke: "Stille rom" på Averøya. Frå der minnesmerket står, ser du
rett mot Hestskjæret fyr der ulykka hende og 65 nordmenn omkom.
Alle overlevande, redningsmenn og etterkomarar etter dei
omkomne var inviterte.
Ein av desse etterkomarane var eg, barnebarn, som fekk vere med på
minnesmarkeringa saman med farfar og far. Altså var vi tre generasjonar til
stades på Averøy denne dagen.
|
Kart over ulykkesstaden.
Hurtigruteskipet IRMA.
Minneplate som ligg attmed minnesmerket.
|
Minnestund i Bremsnes
kyrkje:
Avduking av minnesmerket "Stille rom" v/ HM. Kong Harald. Kranslegging på havet der båtane "Henry" og "Irma"
vart senka.
Alt dette fekk vi vere med på. Ei høgtideleg oppleving. Og vi fekk legge blomster alle som hadde bore på
sorga. Ei vakker og kjenslefylt oppleving," fortalde farmora mi om
denne tragiske hendinga som sannsynlegvis er den største krigsfeiltakinga i
Noregs historie.
Etter dette fortalde ho litt om korleis dei fekk vite
at det var krig og korleis dei merka krigen i kvardagen:
"Våren 1940 var vi så heldige at bestefar kjøpte
ein liten radio. Og gjennom den fekk vi vite at Noreg var komen i krig
morgonen 9.april. Også vart gutane våre utkalla. Vi måtte dekkje til alle
vindauga våre. Det gjorde vi med teppe og alt anna vi kunne bruke. Det
skulle ikkje synast eit einaste ljos. Og så var det rasjonering på mat,
klede, sko og parafin som du brukte til ljos. (Det var ikkje alle som hadde
elektrisitet då). Husmødrene var heilt utruleg flinke med maten. Og alt
vart nytta. Vi på gardane hadde dyr, og det gjaldt å nytte alle delar av
dyret. Vi dyrka også bær og grønsaker. Men dei som budde på gard måtte gi både korn og
poteter og kjøt til tyskarane først. Så det var ikkje greitt. Eg fekk
byrja på butikk, men det varte ikkje lenge. Nesten alle skulle dyrke jord
og lage matvarer. Derfor vart eg utskriven til framande på gard. Men sidan
eg budde på gard, vart eg verande heime.
Kleda vart oppattsydde mange gongar, og strikking
var svært populært berre ein hadde tråd. Men vi laut spinne og veve. Vi
måtte berre lære. Og det var ikkje ordna arbeidstid og fritid. Det var arbeid
heile dagen. Og det var mange tunge stunder. Plakatar med "skutt blir
den". Det kunne vera bagatellar. Og mange vart arresterte. Somme
forsvann og prøvde og komme seg over til England. Og alt var utrygt. Men vi
ungdomane hadde eit fint forhold. Og alle såg fram til den dagen Noreg
skulle bli eit fritt land att. Og mange av oss fekk oppleve det.
Men krig er berre tragedie. Og der er berre taparar.
Og vi laut vera veldig forsiktige med alt vi sa. For der
var dei som sveik og heldt med fienden. Eg håper vi aldri får oppleve krig
att", avsluttar farmora mi.
Takk til Averøy
kommune for løyve til å bruke bilde frå minnesmarkeringa i samband
med Irma-forliset.
André
|
|