Fleire i Bondalen og Hjørundfjorden har i dag lagt merke til eit gult ambulansehelikopter som i ettermiddag, søndag 25. mai 2008, har floge minst to gonger over Bondalen. Til hjorundfjord.no opplyser Sunnmøre politidistrikt v/Kongshaug at ein mann vart henta ut av Kvistaddalen med ambulansehelikopter i dag. Denne mannen hadde vore på skitur i området, men hadde fått skade i beina då han skulle renne ned frå området v/fjellvatna.
Den skada mannen vart frakta ut av Kvistaddalen med dette helikopteret. Foto: Ivar Svein Mo.
Kongshaug fortel vidare at politiet ikkje hadde så mykje å gjere med denne saka - det var nærast eit reint ambulanseoppdrag med helikopter. Likevel kjende han til at personen nok var forkomen, men det skulle ikkje vere skadar utanom skaden/skadane i beina. Personen vart frakta til sjukehuset på Åse.
Kommentarar