Litium

Hovudside
Tinn
Sølv
Magnesium
Uran
Kvikksølv
Gull
Jern
Aluminium
Litium
 

Smeltepunkt: 181 grader  C
Kokepunkt: 1342 grader  C
Tettleik:0,543  g/kbcm
Atommasse: 6,941
Elektron: 3

HISTORIE
Litium vart oppdaga ein fin vårdag i 1817. Den svenske bergverks-
ingeniøren Johan August Arfwedson arbeidde i laboratoriet til kjemipioneren Jøns Jacob Berzelius.

Arfwedson heldt på å analysere mineralet petalitt, som var funne av
brasilianaren Jose Bonifácio de Andrea É Silva på ei svensk øy.


I mineralet fant Arfwedson fleire ulike grunnstoff , pluss eit han ikkje kjende til. Etter fleire analyser fann han ikkje ut kva det var, og tenkte at det var eit nytt grunnstoff. 

Berzelius var samd med han og foreslo at det kunne heite lithium etter det greske  lithos = "Stein", sidan det vart funne i eit mineral.


Litium er ikkje giftig i små doser, men i store mengder er det særs giftig
og skader nervesystemet.

Litium er det lettaste av alle faste stoff. Det er kvitt, mjukt og tar lett fyr. Det kan trekkast ut i trådar og pressas  saman i flak. Litium reagerer ikkje i vanleg luft, men i fuktig luft og i vatn, og både med organiske og uorganiske stoff.

Litium fins i små og spreidde mengder rundt om på jordskorpa. Litium vert framstilt ved elektrolyse. Ein blanding av litiumklorid og kaliumklorid vert varma opp til 400 - 450 grader C, og med ei spenning på 6 - 6,5 volt. Det vert framstilt med ei reinheits grad på 98.86- 99,9999 litium. 

Litium vert brukt som anode i forskjellige typar elektriske element, fordi den lave atomvekta betyr meir straum pr. vekteining. Den lave giftigheits grada er også viktig. Litiums batteri treng ikkje destruerast som spesialavfall, men kan brennast som vanleg avfall. 

Litium vert og brukt i medisinar, deoksydasjonsmiddel og som reinsemiddel for smelta metall. Det vert også brukt som legeringsmetall for magnesium, aluminium og bly for å auke styrken.

  Vegard Riise