Aluminium

Hovudside
Tinn
Sølv
Magnesium
Uran
Kvikksølv
Gull
Jern
Aluminium
Litium

 


 

 

Kjemisk symbol:  Al
Atomnummer:    13
Atommasse:       26,97
Farge:                  Sølv kvitt
Smeltepunkt:     660,50*c
Kokepunkt:         2467*c
Elektron:             13
Proton:                13

Aluminium er eit sølvkvitt metallisk grunnstoff.
Aluminium finst nesten over alt, i jordskorpa først og fremst i silikat. I Noreg vinn vi  ut aluminium fordi vi har så god tilgang på billeg elektrisk energi.

For og lage flytande aluminium må ein ha eit råstoff som heiter "Bauxitt". Dette stoffet blir frakta med båt frå Mellom-Amerika.
For og framstille reint aluminium må ein foreta ein elektrolyse.

Elektrolyse:  

Ned i det store karet som må ha 1000 grader C, tek dei nedi aluminiumoksid som er ein ionsambinding med positiv lada aluminiumsion og negativ lada oksidion.

Det faste stoffet er bunde saman i ionkrystall, men når mineralet smeltar, blir krystallen brutt ned og iona får røre seg fritt.
Iona blir då dregne mot den elektroden som har motsatt ladning. 
Dei positive aluminiumsiona går mot den negative elektroden.
Her tek dei opp elektron og blir til flytande aluminium.

Kva blir aluminium brukt til:

Aluminium er eit bra stoff til og lage ting av fordi det har lav vekt, høg styrke, er lett og forme og samanføye. 
Det er heller ikkje giftig og er lett å gjenvinne. Det blir brukt til aluminiumsfolie, kjøkkenutstyr, eingongsboksar for brus og øl.
  

Linkar:
www.aluminium.no

Laga av: Laila-Iren Melle og Marius Nordang