Magnesium

Hovudside
Tinn
Sølv
Magnesium
Uran
Kvikksølv
Gull
Jern
Aluminium
Litium
 

Kjemiske eigenskapar

Atomnummer:   12
Atommasse:   24,3 
Kjemisk symbol:   Mg
Elektron i skal nr.1:   2
Elektron i skal nr.2:   8
Elektron i skal nr.3:   2
Smeltepunkt:   648,8 grader C Kokepunkt:   1090 grader C
Antal proton:   12
Tettleik:   1,738 g/cm
Giftig:   Nei
Utbreiing/Produksjon

Rangert etter kva stoff det finns mest av i den 16 km tjukke jordskorpa, er magnesium nr.8. Det er magnesium i havet òg. Magnesium finnes ikkje i fri tilstand i naturen, berre i kjemiske i kjemiske samanbindingar.
H. Davy var den første som framstilte magnesium i metallisk form. Norsk Hydro byrja å produsere magnesium på Herøya alt i 1951. I dag er dei ein av verdas største produsentar.

Framstillinga  

Det er i hovudsak to måtar å framstille magnesium på. Den eine er den elektrolytiske metoden. Den blir brukt av Noreg, USA og Sovjetunionen. Det er ei avansert form for elektrolyse, der havvatn er eit av råstoffa. Den andre metoden blir brukt av Canada, Japan, Frankrike og Italia og blir kalla ferrosilisiummetoden. Der vert magnesiumoksid varma opp saman med koks, kalsiumkarbamid eller ferrosilisium som reduksjonsmiddel.

I bruk

Magnesium er snøkvitt. Det er svært mykje brukt i fyrverkeri, rakettar, fotoblits, lysbomber og lyssignal. Det blir og brukt som reduksjonsmiddel når ein framstiller til dømes, Titan, Zirkonium, Hafnium, Beryllium, Uran og Thorium. Magnesium blir og brukt i blant anna aluminiumsinklegeringar. Motoren i ein moderne folkevogn inneheld til dømes 16 kg magnesium. Legeringane tåler å bli utsett for store påkjenningar under høg varme. Dei blir brukt i satellitt-, fly-, og rakettkonstruksjonar samt i motor-, optisk-, radio- og elektronikkindustri. 

Den norske høgtalarelementfabrikken, Seas er den einaste produsenten i verda som har klart å lage høgtalarelement med magnesiummembran. Seas er ein svært røynd produsent og elementa er i verdsklasse.